Allergi?
Det er vår og sommar og det er mange som er plaga med ulike former for allergi. Mange har allereie starta med førebyggjande behandling, men det er ikkje for seint. Mykje kan gjerast også i sesongen. Det gjeld både akupunktur og homeopati.
Ved hjelp av akupunktur og homeopati vil ein kunne styrke kroppen sitt immunforsvar slik at ein på sikt vil kunne tåle det som ein reagerer så sterkt på, eks pollen.
Førebyggjande behandling:
Akupunktur: I etterkant av ein allergisesong kan ein styrke kroppen for å få ein betre sesong neste år. Det vil då vere lurt å ta 12 behandlingar i løpet av 3 mndr. Eg anbefaler også å få akupunktur i forkant av sesongen også.
Homeopati: 3-6 veker før forventa sesong gir eg gjerne pasientane desensibiliseringsbehandling. Desensibiliseringsbehandling vil seie at eg gir den type pollen som pasienten er allergisk for i homeopatisk form. Dette gir ikkje biverknader og kan takast fram til pollensesongen er igang. Fin behandling til barn også.
I sesongen:
Akupunktur: Behandling med akupunktur viser seg å ha god effekt i sesongen, mildnar/fjerner symptoma. Det kan vere nok med ei behandling i veka, eller når det er stor spreiing av pollen, eller kraftig allergi, kan det vere nødvendig med to behandlingar i veka. Mange opplever mindre kløe i augene, nasa og halsen, samt at dei kan oppleve å ha meir energi om dei nyttar seg av akupunktur i pollensesongen.
Homeopati: Gjennom ei grundig anamnese vurderer eg kva homeopatisk medisin som passar til DEG og dine symptom. Desse medisinane kan ofte takast daglig i sesongen.
Både akupunktur og homeopati kan takast ilag med vanlig medisin. Det vert alltid gjort ei vurdering ilag med pasienten om eg kombinerer akupunktur og homeopati.
