Barn.
Barn utgjer ein stor del av dei som oppsøkjer homeopat. Eg vurderer alltid homeopati som behandlingsform til barn. Det er ei mild behandlingsform og i praksis utan biverknader. Men eg vurderer alltid om det er andre behandlingsformer som kan nyttast i tillegg eller istaden for.
Øyreakupunktur der eg nyttar øyrefrø som eg festar til spesielle punkt på øyret og som foreldre eller barna sjølve masserer heime dagleg. Dette er ein enkel og smertefri behandling.
Moxa - Det kan ved ein del tilstandar vere effektivt å bruke moxa over akupunkturpunkt, eg brukar då “moxasigar” som eg held over akupunkturpunkta. Dette gir ein god og behageleg varme. Det å stimulere akupunkturpunkt på denne måten er ein mykje brukt behandlingsmetode i Kina.
Kopping - på same måten som ved moxa kan eg setje koppar over akupunkturpunkt eller evt massere over akupunkturpunkt. Dette syns barna ofte er godt og avslappande. Mykje brukt som behandlingsmetode i Kina bla ved luftvegsplager, men har også god effekt ved ømme og stive musklar som svært mange barn slit med.
Klassisk akupunktur - for dei barna som er klar for å få nåler. For dei minste barna er det å sette nålene inn og stimulere for så å ta dei ut att, men etter som barna blir større er det meir aktuelt å la barna ligge med nålene f eks i ti minutt. Ved kolikk er det svært aktuelt å nytte akupunktur. Det vert til alle barn nytta svært tynne og små nåler, og dei små reagerer svært lite på å få nåler.
Vanligste plager hos barn:
Allergiar, eksem og astma.
Hovudverk.
Idrettsskader.
Infeksjonar i øyre, nase og hals.
Kolikk og fordøyingsplager.
Muskel og skjelettplager.
Sengevæting.
Søvnproblem.
Uro, rastløyse og konsentrasjonsproblem.
