Homeopati og barn
Mange foreldre vel idag homeopatisk behandling til sine barn.
Barn er ei av dei største pasientgruppene som oppsøkjer homeopat idag.
Barn reagerer erfaringsmessig spesielt godt på homeopatisk behandling. Barn har eit aktivt og levande immunforsvar, og sidan homeopati stimulerer immunforsvaret, vil homeopatiske medisinar ofte virke godt på barn.
Homeopatisk behandling styrkjer kroppens immunforsvar slik at den kan helbrede seg sjølv.
I staden for å drepe bakteriane direkte, stimulerer homeopatiske medisinar kroppen til sjølv å ta opp kampen. Difor kan homeopatisk behandling nyttast ved alle typar infeksjonar, uavhengig av om den er forårsaka av bakteriar, virus eller andre mikrobar. Behandlinga styrkjer kroppen slik at den blir sterkare rusta ved sjukdomsangrep.
Feber
- Forhøga kroppstemperatur er eit symptom og ikkje ein sjukdom i seg sjølv. Feber fremjar produksjon av antistoff, og den høge temperaturen hemmar formeiring av virus og bakteriar.
Små barn får lettare høg feber enn større barn og vaksne. Ofte kan dei ha temperaturar opp til 39-40 grader, utan at allmenntilstanden er særleg påverka. Ein skal likevel alltid vere på vakt når ein får høg feber og oppsøkje lege eller homeopat dersom ein er usikker.

