Kva er akupunktur?
Akupunktur er ein 3000 år gamal kinesisk behandlingsform som no vert brukt verda over. I Kina er akupunktur ein del av det offentlege helsevesenet.
Får ein refusjon om ein vert henvist frå lege?
Nei, det offentlege dekkjer ikkje utgiftene til akupunkturbehandling sjølv om ein har henvisning frå lege. Dette gjeld også om behandlinga skjer hos fysioterapeut. Hos fysioterapeut betaler ein (berre) eigendel for fysioterapi, for akupunktur må ein betale full timepris uansett kven som set nålene.
Gjer akupunktur vondt?
Nei, ikkje noko særleg. Ei akupunkturnål er ikkje stort tjukkare enn eit hårstrå, og behandling med slike nåler kan difor ikkje samanliknast med sprøytestikk.
Virkar akupunktur?
Ja.
Må ein tru på akupunktur for at det skal virke?
Nei.
Korleis virkar akupunktur?
Hovudsakleg via ulike fysiske biofeedback-system, for eksempel ryggmargens nerver, hjernens endorfin (kroppens naturlege smertestillande middel) og gjennom påverknad av indresekretoriske kjertlar. Ved smerter i rørsleapparatet (nakke, skuldrar osv) kan nåla få låste musklar til sleppe. Mange verknadsmekanismar er enno ikkje klarlagt, og medisinske miljø mange stader i verda forskar på dette.
Kan akupunktur ha biverknader?
Få, og ingen av dei er farlige. Nokre gonger kan det oppstå blåmerke, og det er ikkje uvanleg med forbigåande forverringar same dag eller neste dag. Dei fleste blir trøtte rett etter behandling.
Kva kan behandlast med akupunktur?
Verdas Helseorganisasjon (WHO) har sett opp ei liste over ca 50 ulike lidingar, deriblant smerter, kvinnesjukdomar, astma og andre luftvegssjukdomar, biholebetennelser, depresjon, angst, reumatisme, søvnløyse, infertilitet, plager i mage, urinvegar osv. I Kina er det tradisjon for å behandle dei fleste sjukdomar med akupunktur.
Kor mange behandlingar må til?
Dei fleste må ha mellom fire og åtte behandlingar, men dess lenger ein har hatt plaga, dess fleire behandlingar må ein ofte ha. I Kina går ein gjerne til akupunktur dagleg, og her heime kan det ofte vere lurt å gå to til tre gonger i veka til å byrje med. Men alt avheng av kva plage ein treng hjelp med.
Er akupunktur farleg?
Ikkje dersom du går til behandling hos ein akupunktør som har skikkeleg fagbakgrunn.
Fins det nokon autorisasjon eller offentleg godkjenning for akupunktørar i Noreg?
Nei, tittelen akupunktør er ikkje beskytta, og lovverket regulerer ikkje kven som kan gi akupunkturbehandling. Kven som helst kan slik kalle seg akupunktør og gje slik behandling, heilt uavhengig av utdanning.
Korleis kan eg då vite om akupuktøren har god nok utdanning?
Alle medlemmer av Norsk Akupunkturforening (NAFO) har akupunkturutdanning som dekkjer internasjonale krav , i tilleg til eksamenar på høgskulenivå i viktige medisinske fag. Medlemskap i NAFO er difor einaste kvalitetsgarantien for akupunkturfaget som fins i Norge.
Sommaren 2008 vart Akupunkturhøgskolen si bachelorgrad godkjent.
Still gjerne fleire spørsmål i kommentarfeltet under
