Kva er homeopati?
Homeopati er ei medisinsk behandlingsform som stimulerer kroppen si eiga evne til å hele seg sjølv ved hjelp av individuelt valde medisinar. Homeopati styrkjer immunforsvaret og verkar førebyggjande på heile organismen. Homeopatisk behandling vil kunne gi betre helse og ikkje berre kortvarig lindring av lokale plager.
Kva skjer om eg oppsøkjer homeopat?
Ved første konsultasjon vil du gjennomgå eit intervju med mål om å kartlegge symptom, sjukehistorie og konstitusjon. Dette blir gjort fordi sjukdom vert sett på som ein samanheng i heile mennesket.
Kva er homeopatisk medisin laga av?
Homeopatisk medisin er laga av stoff frå planter, dyr og mineralar. Når medisinen vert laga vert den fortynna og rista etter bestemte mønster, og sjøl dei giftige stoffa vert ufarlege.
Kor kjøper eg homeopatiske medisinar?
Homeopatiske medisinar er registrerte legemiddel og kan kun kjøpast gjennom apotek.
Kven oppsøkjer homeopat?
Menneske i alle aldrar verda over går til homeopat. Og årsaker til at dei oppsøkjer homeopat kan vere svært ulike.
Homeopaten behandlar hyppig: muskel og leddplager, fordøyingsplager, migrene, hovudverk, klimakterieplager, menstruasjonsplager, PMS, astma, psykiske lidingar som angst og depresjonar. Andre sjukdomar er kroniske lidingar som øvre luftvegsinfeksjonar, urinvegsinfeksjonar, prostatitt og infertilitet.
Kven bør eg oppsøkje?
Homeopat er ingen beskytta tittel så kven som helst kan i utgangspunktet kalle seg homeopat. Difor bør du oppsøkje ein homeopat som er medlem av Norske Homeopaters Landsforbund, som har krav til god fagleg bakgrunn både medisinsk og homeopatisk, som som arbeider med høg etisk norm.
Still gjerne fleire spørsmål i kommentarfeltet under
